Raudkleiv er populært friluftsanlegg. Nå bed idrettslaget kommunen om pengar til vegvedlikehald.

Usikre på kva dei har råd til, men vil i alle fall gje litt til vedlikehald av vegen opp til Raudkleiv

Formannskapet i Seljord gjev Seljord idrettslag eit signal om at det kan bli litt økonomisk støtte til å halde ved like vegen opp til friluftsanlegget Raudkleiv.

Idrettslaget ynskjer at kommunen gjev eit tilskot på 85 000 kroner til vegvedlikehaldet, slik det var frå 2016 til løyvinga blei kutta i budsjettbehandlinga i fjor. Seljord IL er blant dei som har blitt råka hardt av koronakrisa. Dei har mellom anna store inntekter frå Dyrsku’n, som i år blei avlyst. Sjølv om dei får kompensert ein del av dei tapte inntektene, er idrettslaget uroa – og bad derfor kommunen om årleg støtte. Det blei i søknaden vist til at kostnaden for å drifte alle anlegga til idrettslaget er på nesten 1,3 millionar kroner i 2020.

I tillegg blei det argumentert med at anlegget på Raudkleiv er mykje bruka både sommar og vinter av innbyggjarane i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halfdan Haugan (Ap) tok ordet fyrst i formannskapsmøtet. Han håpa at politikarane kunne finne noko pengar i budsjettbehandlinga. Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) fylgde opp med å føreslå 20 000 kroner.

– Det er viktig å gje eit signal om ein sum, men denne er ikkje hogd i stein, sa ho.

Haugan var glad for signalet frå posisjonen, og meinte det var positivt at kommunen viste vilje, og at ein får kome tilbake til endeleg beløp i budsjettbehandlinga.

Kommunestyret i Seljord vedtek budsjettet 10. desember.