Finst framleis: Dei PPT-tilsette er framleis tilsett i Vest-Telemark PPT, som har kontorstad i Kviteseid-byen. Samstundes vert arbeidet deira lyst ut med søknadsfrist nå i august. Utdanningsforbundet reagerer på prosessen, og ber om at utlysingane vert sett på vent.
Elin Fjalestad
Utdanningsforbundet ber om at PPT-utlysing vert sett på vent. – Våre medlemmar er svært bekymra for framtida og sin arbeidsplass
Kviteseid og Nissedal kommunar lyser etter nye PPT-rettleiarar. Det har fått dei PPT-tilsette som er medlem i Utdanningsforbundet til å kontakte fagforeininga si. Utdanningsforbundet ber nå kommunane vente med utlysingsprosessen.
Vest-Telemark PPT IKS har vore eit interkommunalt samarbeid mellom dei seks Vest-Telemark-kommunane, der dei tilsette har hatt kontorstad i Kviteseid og gjeve tenester lokalt i dei ulike kommunane. Før sommaren vart det klart at det interkommunale samarbeidet ville bli avvikla, og etter dette har fleire av kommunane begynte å lyse ut nye PPT-stillingar.
Vinje har lyst etter PPT-leiar for eit nytt samarbeid etter vertskommunemodellen mellom Vinje, Fyresdal og Tokke, medan Nissedal og Kviteseid har lyst etter PPT-rettleiarar – og alle har søknadsfristar no i august.
I mellomtida er dei noverande PPT-tilsette framleis tilsett på ein arbeidsplass som etter kvart vil slutte å eksistere.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP