Utsett opprustinga av dei kommunale vegane etter støy om bruken av grendehuspengane

Kommunestyret i Kviteseid ville bruke pengane frå salet av Kilen grendehus til å ruste opp to vegar i Fjågesund. Det reagerte innbyggjarane i Kilen på. Nå har kommunen stoppa vegopprustinga i Fjågesund.

Publisert

– Det blei såpass mykje støy at me ikkje gjennomfører det nå. Me kjem tilbake til kommunestyret med bruken av pengane etter ein ny runde med oss sjølv og innbyggjarane, sa rådmann Øystein Tveit i torsdagens kommunestyremøte.

Fleire innbyggjarar ytra seg i VTB og etterlyste dialog med kommunen. Dei meinte det var mange prosjekt i Kilen som pengane frå grendehussalet kunne nyttast til.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS