Brann: Innehavar Svein Holberg seier det ikkje er mykje att av campingvognene som brann ned på Kilen feriesenter natt til onsdag.

Vakna av eksplosjonen i gassflasker

Innehavar av Kilen Feriesenter, Svein Holberg, seier det var ei skremmande oppleving då det tok fyr i campingvognene.

Publisert

Etter brannen sist natt har han ikkje hatt blund på auga, og han er framleis prega av hendinga når han møter VTB.

– Eg vakna av at det small i gassflaskene, og det var nok årsaka til at eg oppdaga brannen. Eg sprang for å vekke dei andre fastbuande og då eg høyrde smella, tenkte eg berre at eg måtte ringe etter brannvesenet, og halde god avstand til campingvognene som brann, seier han.

Den eine gasstanken gjekk som ei eldkule ifrå den eine vogna og trefte ei av nabovognene, seier Holberg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS