Brannmelding: 5. januar fekk brannvesenet i Kviteseid melding om pipebrann i Dalane. Dette er ein av fleire pipebrannar til nå i år.
Tone Tveit
Vakna av røyklukt – kan ta fleire månadar før Kevin og familien kan flytte heim att
– Brannvesenet var på staden nesten før me fekk summa oss, fortel Kevin Slettemeås. Brannsjef Torbjørn Lia kjem med klare tips på korleis ein skal redusere brannfaren i det kalde vêret.
Ei natt i førre veke vakna Kevin Slettemeås av røyklukt i heimen i Ordal i Kviteseid kommune.
– Så byrja brannalarmen. Eg sprang ned og såg det var fullt av røyk i stoga. Då ringde eg brannvesenet, fortel Slettemeås.
Heldigvis tok det ikkje lang tid før dei var på staden.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP