På vakt: Atle Kåsa (t.v.), Hilmar Frantzen, Bodil Hellstrand og Hanne Karin Berglie frå Tokke Røde Kors hjelpekorps.

Vaktar påskefjellet

I påskehelga er korpshytta til Tokke Røde Kors hjelpekorps på Hallbjønnsekken bemanna. – Skjer det noko veit me at det er mange som kan stille raskt for å hjelpe til, seier dei friviljuge.

Publisert Sist oppdatert

Skjærtorsdag tok dei fire hjelpekorpsarane med seg snøskuterane bort til skisenteret på Hallbjønnsekken der Skafså motorsportklubb hadde treff.

– Det er mange i motorsportklubben som også er medlem i hjelpekorpset. Skulle det skje noko ville me raskt mobilisere mange som kan vere med. Det er mange av medlemmene i hjelpekorpset som har hytte på Hallbjønnsekken, seier Hanne Karin Berglie frå Tokke Røde Kors hjelpekorps.

Saman med Atle Kåsa, Hilmar Frantzen og Bodil Hellstrand syter dei for at korpshytta er bemanna.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS