Laga film: Sundag 25. august håpar grendelaget at grendehuset i Fjågesund blir fullt når Hans Fredrik Dale kjem for å vise den nye historiske filmen om livet i bygda før i tida.

Varekøyring, båttrafikk og butikkdrift – Hans har laga film om Bergsto og Fjågesund før i tida

Sundag blir det filmpremiere på grendehuset i Fjågesund. Då blir den historiske filmen om livet i Fjågesund og Bergsto før i tida vist for aller fyrste gong.

Publisert

– Filmen er om lag to timar lang, så me deler han opp med ei god kaffi- og kakepause, seier Hans Fredrik Dale frå Tørdal som har filma, redigert og bygd saman gamle og nye opptak til ei underhaldande reise der mykje historie frå bygda er samla.

Bygda hadde mellom anna to skulekrinsar fram til skulen i Bergsto blei lagt ned i 1957, og alle elevane blei samla på skulen i Fjågesund. Dette får ein høyre meir om, fortel Dale.

Han har også nytta eit gamalt lydopptak der tørdølingane, som gjekk bort for mange år sidan, Simen Sydtveit intervjuar Tor Lohne om varekøyring over heia til Fjågesund frå rundt 1910 til 1928.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS