Tung byrde: Varslingssaka har tynga næringssjef i Vinje Knut Martin Edland. Han sat ei tid med hovudet i hendene medan kommunestyret diskuterte varslingssaka.
Åshild Emma Solbjør
Varslingssaka har tynga næringssjefen. – Det er ei stor byrde som fer av skuldrene
I eit anonymt varsel får Vinje kommune kritikk for korleis dei har handtert at dei har ein næringssjef som sjølv er næringsdrivande. Nå har eit advokatfirma undersøkt varselet og kome fram til at ting er på stell. – Det er ei stor byrde som fer av skuldrene, seier næringssjef i Vinje Knut Martin Edland.
Han er veldig glad for at skuldingane mot han med dette ser ut til å bli parkerte. Samstundes er han uroa over prislappen på undersøkingane, som vart på 335 000 kroner før moms.
– Det er tankevekkande, og eit skår i gleda, seier Edland, som også stiller spørsmål om kva ein så høg pris gjer med varslingssystemet.
– Kva om kommunen ikkje har råd til det, kva gjer ein då? Og kva om det skapar ei frykt for å varsle? Kva om nokon tenker «oi, det har ikkje kommunen råd til»?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP