Ny grasbane og pussa opp klubbhus: Kviteseid idrettslag er eit aktivt lag med mange støttespelarar både i dugnadsarbeid og pengegåver. Denne veka kom Inger Auestad frå Sparebankene Sør på besøk med ein gåvesjekk på ein million kroner til den nye grasbanen. Frå venstre: Gunnhild Moen, Regine Hestehagen Heimdal, Inger Auestad, Trude Elisabeth Nordbø, leiar i Kviteseid idrettslag Heidi Sudbø, Inge Håvard Jore, Kristi Marie Tveit, Tarjei Haugo og Arne Aamot.
Tone Tveit
Vasslekkasje og kråkefest har tvinga fram investeringar. Då er det godt med gode hjelparar. – Denne gåvesjekken er nok den største
Nå har Kviteseid idrettslag snart både nyoppussa grasbane og klubbhus klart på Flatin med god støtte mellom anna frå lokalbanken.
Kristi Marie Tveit, leiar i fotballgruppa, fortel at den totale kostnaden for å sette klubbhuset i stand kom på 720 000 kroner.
– Klubbhuset blei bygd i 1978, og har stått på kommunen sin søknad om spelemidlar i fleire år slik at me kunne pusse det opp. Me fekk også 200 000 kroner i stønad frå Sparebanken sør tidlegare, og 125 000 kroner frå banken til nye mål på banen, fortel Tveit som er saman med ein dugnadsgjeng som er i gang med det andre strøket med beis på klubbhuset.
Heile klubbhuset har nå blitt pussa opp og fått nytt elektrisk anlegg, røyrsystem, nye glas, dører, blitt isolert, nye golv, inventar og er måla innvendig.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP