Øystein Høgetveit (SV) sit i eldrerådet, og fremma tre tilleggsforslag på vegner av dei. Alle fall.
Åshild Emma Solbjør
Vedtok gulrot for å få bustadar til eldrebølga
Dei folkevalde i Vinje satsar på at fleire leigetakarar og gunstig finansiering kan friste private til å bygge 41 utleigebustadar i kommunen dei neste åra. Eldrerådet meiner gulrota burde vore litt større.
Vinje kommune har ein bustadstrategi, og i tråd med denne ønskjer dei nå å få på plass fleire utleigebustadar i bygdesentruma. I denne kommunestyreperioden er målet at det blir bygd ti i Haukeli, seksten i Rauland og femten i Åmot.
Men det er dyrtid, og utbyggarar står ikkje akkurat i kø. Tysdag vedtok derfor kommunestyret ei lita gulrot for å få dei på gli: Ein anbodskonkurranse på dei tre byggeprosjekta med tilvisingsavtale frå Husbanken.
Dette betyr at kommunen og bedriftene som vil bygge bustadar inngår ei avtale som gjev begge partar nokon fordelar. Fordelen for kommunen er at dei får dekt det varierande bustadbehovet utan å eige bygga sjølv. Fordelen for utleigebedrifta er at Husbanken er med i opplegget, noko som gjer at dei kan få ei gunstig
finansiering for byggeprosjekta. I tillegg får dei ein større kundemarknad fordi kommunen i tretti år framover vil formidle leigetakarar som ellers kanskje ville leigd kommunale bustadar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP