100 000 i tilskot: Frå Fjonevegen og inn på industriområdet Sundsmoen i Treungen har køyrande i årevis vore holvante. Nå stør Nissedal formannskapet eit nydanna veglag med 100 000 kroner for å rette på problemet.

Vegen har vore i dårleg stand sidan den blei privatisert for meir enn 20 år sidan. Nå får veglaget 100 000 kroner

Nissedal formannskap har støtta tilrådinga til kommunedirektøren om å løyve 100 000 kroner frå næringsfondet til veglaget på industriområdet Sundsmoen i Treungen.

Publisert

Ap, KrF og H utgjorde fleirtalet, medan dei to frå Sp røysta imot løyvinga.

Veglaget søkte om 250 000 kroner for å ruste opp vegen som byrjar ved fylkesvegen til Fjone. I starten er ynsket å stelle dei 50–100 fyrste metrane som er i dårlegast forfatning. Elles nemner veglaget i søknaden at vegen har vore i dårleg stand sidan den blei privatisert i 2002. Dei treng også startkapital for å kome i gang med opprustinga.

Også turistveg

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS