Mjågeto: Det har i vår blitt gjort omfattande vegarbeid ved Mjågeto i Nissedal. Torsdag kveld meldte vegtrafikksentralen at vegen var stengt grunna rasfare. Biletet er frå tidlegare i vår.
Elin Fjalestad
Vegen heilt stengt igjen. Usikkert når han opnar: – Me tek ingen sjansar
Vegtrafikksentralen melder på Twitter torsdag kveld at Riksveg 41 ved Mjågeto er heilt stengd.
– Me har i dag bestemt å stengja riksveg 41 av omsynet til tryggleiken. Det er eit fjellparti nord i Mjågeto-området der me har observert rørsle. Me tek ingen sjansar og stengjer vegen, seier byggjeleiar Jon Krogstad Bøe i Statens vegvesen i ei pressemeldings
Det blir for tida gjennomført vegarbeid på strekninga, og mykje masse har blitt teke ut. Vegen var fram til torsdag kveld berre open for trafikk i gjevne tidsrom på morgonen og ettermiddagen, men måtte altså stenge grunna rasfaren i området.
For å undersøkja rørslene nærare, har Statens vegvesen sett ut målepunkt i fjellpartiet, opplyser dei. Målingar blir utførte i kveld og i morgon, fredag, og gjennom helga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP