Vågslidtunnelen og Haukelitunnelen på E134 skal oppgraderast i sommar, det vil føre til kolonnekøyring og trafikkreguleringar.Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK
Vegvesenet: Bilistar bør førebu seg på kolonnekøyring på Haukelifjell i sommar
Opptil ein times ventetid ventar bilistar over Haukelifjell i sommar. Årsaka er oppgradering av tunnelar på E134.
Arbeidet startar 15. juni og vil omfatte oppgraderingar av tunnelane på E134 over Haukelifjell. I år vil det bli jobba i Vågslid- og Haukeli-tunnelen, og dessutan utanfor Svandalsflona rasoverbygg, skriv Statens vegvesen.
Fram til 15. oktober vil det vere kolonnekøyring og trafikkreguleringar. Statens vegvesen oppmodar trafikantane til å planleggje turen og førebu seg på litt venting.
Det er ikkje mogleg å føreseie korleis trafikken blir, men det kan bli ventetider på rundt ein time.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP