Ny bru: Den nye riksvegbrua i Treungen sentrum kjem truleg i området midt på bildet. Det er førebels ikkje pengar til brua, men til å regulere kvar ho skal vere. Ein dispensasjonssøknad frå Vegvesenet skal på bordet til formannskapet før bruprosessen kan fortsette.

Vegvesenet har pengar til reguleringa, men ikkje til ny bru: – Me kryssar fingrane

Nissedal kommunestyret bad i desember 2020 kommunedirektøren om å rullere kommunedelplanen for Treungen sentrum. Framleis ventar Vegvesenet på ein politisk plan om mellom anna kvar ny riksvegbru bør vere.

Publisert Sist oppdatert

I gjeldande reguleringsplan vedteke i 2014 ligg det inne ei løysing for ny riksvegbru i Treungen. Slik bruløysinga er teikna på godkjent plankart, er det å gå innom Øyna og så bru over elva til området der det er nedlagt campingplass. Dette er i tråd med alternativ D som Vegvesenet opplyste om i Nissedal kommunestyre i desember 2020. Vegvesenet var då mest gira på alternativ C; å krysse mellom dagens Tveitsund bru og Øyna eit stykke lenger unna. I det same møtet gav kommunestyret beskjed til kommunedirektøren om å rullere kommunedelplanen.

I april 2022 sa dåverande Nissedal-ordførar Halvor Homme dette til VTB:

– Når kommunedelplanen er vedteke vil eg tru at me landar på alternativ C eller D. Planen er å gjere vedtak i år. Når planen er vedteke er det klart for Vegvesenet å gjere detaljutgreiing av ny brutrasé, sette av pengar og byrje å bygge. Det er ikkje utenkeleg at me ser ny riksvegbru i dette tiåret.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS