Vesttele tiltalt:
Venta på badet då ho kom heim frå fest
Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha tatt seg inn i ein annan persons hus, og for gjentatte brot på besøksforbod.
Ein mann frå Vest-Telemark er tiltalt for tre brot på straffelova. Ifølge tiltala skal mannen ha tatt seg inn i bustaden til ei kvinne midt på natta. Kvinna var då ikkje heime, og mannen skal ha venta på badet hennar då kvinna og ei venninne kom heim frå fest. Mannen i 40-åra skal då ha opphalde seg i huset fram til han vart bortvist av politiet.
Dette skal ha skjedd i november 2023. Om lag ein månad seinare fekk mannen besøksforbod som var gjeldande fram til hausten 2024. Besøksforbodet gav han forbod mot å oppsøke, forfølge og på noko vis kontakte kvinna.
Likevel skal mannen alt på starten av året ha tatt kontakt med henne på sosiale medium. Dette skal han, ifylgje tiltala, også ha gjort fleire gonger utover vinteren og våren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP