Heidra: Dag Rorgemoen (t.v.), Lene Teigland Kleivi og Tilman Hartenstein ved Vest-Telemark museum mottok årets Clay County Heritage Award for arbeidet med den norskætta kunstnaren og historikaren Orabel Thortvedt. Prisen, ein plakett og ein glasvase, kom i posten frå USA.
Anne Gundersen/VTM
Vest-Telemark museum fekk pris i Minnesota
Dag Rorgemoen, Tilman Hartenstein og Lene Teigland Kleivi, som alle er tilsette ved museet, er mottakarar av årets Clay County Heritage Award, for arbeidet kring familien til kunstnar og historikar Orabel Thortvedt.
Thortvedt vart fødd i 1896 på foreldras gard i nærleiken av Glyndon i staten Minnesota i USA. I tillegg til ei karriere som kunstnar, skreiv ho også fleire dagbøker, som det lokale historielaget i Clay County (HCSCC), altså Clay fylke, overtok då familien til Thortvedt selde familiegarden i 2020.
Historielaget skriv at Thortvedt mellom anna var lidenskapleg oppteken av familien sin emigrasjon frå Noreg til Minnesota. Ifylgje Telelaget of USA, ein amerikansk skipnad dedikert til telemarkshistorie, kom bestefar av Orabel, Ole G. Thortvedt (1829-1908) til Minnesota frå Fyresdal i 1861, som ein del av eit større emigrasjonsfylgje frå bygda. Åtte år etter at dei kom til landet, vart Thortvedt-familien dei fyrste til å busetje seg i Red River Valley, der Orabel vart buande store delar av livet.
– I august 2018 vart HCSCC kontakta ut av det blå av Tilman Hartenstein frå Vest-Telemark museum i Noreg. Dei tilsette ved museet hadde oppdaga Thortvedt-familien, den rikhaldige informasjonen Orabel hadde samla inn og at HCSCC sat på materialet dei trong for å fullføre sin research, skriv leiar i historielaget, Maureen Kelly Jonason, i grunngjevinga for prisen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP