Lovprist men lågtlønt: I juni 2023 skreiv VTB om at veterinærvakta i Seljord vart lovprist i ein nasjonal rapport. Ragnhild Sølberg er ein av veterinærane som deltek i vaktordninga, og VTB møtte henne på eit oppdrag i Åsgrend. Ho hadde då vore i både Fyresdal og Lårdal tidlegare same dag, og skulle vidare til Tuddal. Etter at ordinær arbeidsdag var slutt skulle ho i tillegg ha vakt på kvelden og natta, og det er lønstillegget for denne vaktordninga som nå er på dagsorden.
Åshild Emma Solbjør
Veterinærane krev at vakttillegget blir dobla. Kan jobbe mindre og tene betre andre stadar
Heilt sidan 2008 har Seljord veterinærkontor klart å ha veterinærvakter på plass i Vest-Telemark kvar einaste kveld, natt og helg utan at det har kosta kommunane noko. Det går ikkje lenger.
Alle kommunar må ha klinisk dyrlegevakt på plass kvar einaste kveld, natt, helg og heilagdag, heile året gjennom. Det krev dyrehelsepersonellova.
Medan mange kommunar strevar med å få på plass ei velfungerande vaktordning, har vaktordninga som Seljord veterinær har i Vest-Telemark og Hjartdal blitt drege fram som eit førebilete på korleis ein kan få det til. Dei har gjennom fleire år bygd opp ein solid arbeidsstokk som har gjort det mogleg å vere fleksibel. Dermed har det aldri stått ei vakt tom i Vest-Telemark, verken kvardag, natt eller helg.
Kommunane har hatt ansvaret for denne vaktordninga sidan 1. januar 2008, men det har ikkje kosta dei noko. Pengane som betalar for ordninga kjem nemleg frå Landbruksdirektoratet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP