Letta: Ragnhild Sølberg (t.v.) og Cecilie Albretsen frå Seljord veterinærkontor smilte breitt då dei kom ut i solskinet utanfor Fyresdal næringshage etter at eit einstemmig kommunestyre hadde sagt ja til krava deira. Med dette er ei konkurransedyktig veterinærvaktordning sikra.
Åshild Emma Solbjør
Veterinærvakta er sikra. – Ein merkeleg prosess
Torsdag vedtok kommunestyret i Fyresdal å betale sin del av lønsauken til veterinærvakta i Vest-Telemark og Hjartdal. – Det er bra, men det har vore ein merkeleg prosess, seier Cecilie Albretsen og Ragnhild Sølberg frå Seljord veterinærkontor.
Veterinærane har vore på tilhøyrarbenken i alle kommunestyra som har handsama saka om lønsauke til veterinærvakta. Torsdag kunne Albretsen og Sølberg puste letta ut. Då sa Fyresdal som den sjuande og siste kommunen i vaktsamarbeidet ja til krava frå Seljord Veterinærkontor om dobling av løna til veterinærane som er på vakt kveldar, netter, helger og heilagdagar, og ei bakvakt med lik løn som hovudvakta.
Veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid er lovpålagt, men mange stadar slit ein med å få til ei fungerande vaktordning. I vårt område har vakta i regi av Seljord Veterinærkontor fungert veldig godt utan at det har kosta kommunane noko ekstra, for vakttillegget har blitt dekt av det statlege tilskottet kommunane får til dette føremålet.
Problemet er at andre distrikt aukar løningane for å tiltrekke seg veterinærar. Då må vårt distrikt følge etter – ein klarer ikkje halde på veterinærane dersom dei kan jobbe mindre og tene betre andre stadar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP