Omdøypt: Krossen-namnet kan forsvinne, og bli erstatta med Rauland sentrum – kommunen sender no saka ut på høyring.

Vil byte namn på sentrum. – Eg har aldri lika namnet

Plan- og miljøutvalet (PMU) i Vinje gjekk samrøystes inn for å skifte ut namnet Krossen – frå no av heiter det Rauland sentrum. I same slengen ynskjer dei å formelt døype bygda Rauland.

Publisert Sist oppdatert

I november 2023 sendte Rauland historielag ein førespurnad til kommunen om å opprette namnesak på tettstaden Krossen, i sentrum av Rauland. Då føreslo dei ei mindre endring – å byte skrivemåte frå Krossen til Krysset, som blir meir bruka på folkemunne. I januar kom det ny førespurnad frå historielaget, denne gongen med Rauland sentrum som føreslått namn.

– Grunngjevinga er at Rauland blir bruka om eit større geografisk område, og at Rauland sentrum derfor vil vera eit sjølvforklarande namn sidan det er sentrumet i bygda. Det leggjast til at Rauland sentrum blir bruka av mange i dag, fastbuande, hyttefolk og andre, skreiv sakshandsamar Åsne Skjøtskift Øygarden i saka til PMU.

– Eg er veldig glad for at historielaget lyftar denne saka fram. Eg har aldri lika namnet Krossen. Me har kalla det Krysset, og også Bakeriet, sa Ingerid Hayes (SV, vara for Kjersti Kaasa).

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS