Nytt på biblioteket: Dagleg leiar av Kviteseid frivilligsentral, Regine Heimdal (t.v.), og biblioteksjef Lene Kleivi ved Kviteseid folkebibliotek legg til rette for at folk kan legge att og hente gratis gjenstandar i ei delekasse i andrehøgda på biblioteket.

Vil dele lesestoff, frø og gjenstandar for gjenbruk på biblioteket

Det er ikkje bare lesestoff ein kan finne glede i på biblioteket i Kviteseid, nå kan ein også hente frø til diverse planter og vekstar, og saman med frivilligsentralen er det etablert ei delekasse for gjenstandar folk ynskjer gje bort.

Publisert

– Folk tar innimellom kontakt og vil gjerne gje vekk ting, men det kan vere vanskeleg å distribuere desse tinga vidare. Slik kom ideen om å lage ei delekasse på biblioteket, fortel dagleg leiar av Kviteseid frivilligsentral, Regine Heimdal.

Saman med biblioteksjef Lene Kleivi har dei nå lagt til rette for at folk kan levere mindre gjenstandar som alt frå bakeutstyr, hobbysaker, leiker, dukar, gardiner eller pynteting i kassa som er plassert i andrehøgda av folkebiblioteket.

– Kven som helst kan kome innom for å levere noko dei vil gje bort, og kven som helst kan kome og plukke opp det dei ynskjer å ta med heim, seier Kleivi.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS