Vil folkefinansiere bok om Ingebjørg-album
Ingebjørg Bratland sitt album Månesinn frå 2015 blir tema for ei ny bok – dersom forlaget samlar inn nok pengar.
Dersom boka blir ein realitet, går ho inn i serien Norske albumklassikarar, som blir utgjeve av Falck Forlag. Forleggar Christer Falck skildrar bokserien som «nerdebøkar på høgt nivå», og fortel at dei til no er i gang med over 25 bøker om plater frå diverse norske artistar, deriblant Arne Nordheim, Jan Garbarek, Razika, Gluecifer og Farmers Market.
Forlaget skildrar Månesinn som eit «sjangeroverskridande nybrotsverk som blandar både tradisjonelle og elektroniske instrument til ein miks av pop, folkemusikk og elektronisk musikk».
– På mange måtar er Månesinn startskotet for Bratland som låtskrivar, og artisten me kjenner i dag. Ein moderne norsk albumklassikar, konstaterer dei vidare.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP