
Vil gje støtte til Dalen Bistro
Stefan Mayrhofer opna Dalen Bistro tidlegare i vår. Nå søker han om økonomisk støtte frå kommunen.
Administrasjonen i Tokke kommune meiner det er veldig positivt at Mayrhofer har starta Dalen Bistro på Dalen. Dette er ein restaurant og møteplass som skal vere open heile året, og vere eit godt tilbod både for lokalbefolkninga og for turistar. Dalen Bistro er eigd 66 prosent av Mayrhofer og 34 prosent av Open System International AS, Åsmund og Signe Marie Stenseth, og leiger lokale av Sentrumsbygg Dalen AS.
Det er søkt om tilskot til etablering og investeringar på nesten 290 000 kroner. Det er næringsutviklaren i Tokke kommune som har skrive saka, og her står det at kostnadane skal dekke innkjøp av kjøkkenutstyr, møblar, skilt og profilering.
Kommunalsjefen anbefaler politikarane å løyve ein sum på til saman 53 000 kroner. 30 000 i tilskot til etablering, og 23 000 kroner i tilskot til investering. Formannskapet får saka i sitt neste møte, fyrstkomande onsdag.