I etterkant av folkemøta arrangert av omstillingsprogrammet, vart det etablert ei arbeidsgruppe som skal jobbe med utviklinga av bryggeområdet og Kviteseidbyen. Den er i gang med å planlegge for sommarens bryggedrift og også ulike aktivitetar og arrangement i området.
Elin Fjalestad
Vil gje tilskot til Kviteseid brygge
I fjor vart kjøkkenet på Kviteseid brygge oppgradert. Nå er det behov for å gjere noko med uteområdet.
Kviteseid kommunen har lyst etter drivarar til Kviteseid brygge og turistinformasjon for sesongen 2025, og
fått ein søknad, skriv næringssjef Elisabeth Lid i ei sak til politikarane.
Ho fortel at det alltid har vore ei utfordring å finne drivarar til brygga, og grunngjev det med at det er kort sesong,
usikkert inntektsgrunnlag og at ein er avhengig av vêr og andre utanforliggjande forhold.
Administrasjonen trur det vil vere ein fordel at bryggehuset er utstyrt slik at nye drivarar ikkje må
gjere store investeringar. I fjor blei det bruka midlar frå næringsfondet til å oppgradere kjøkenet. Nå er det investeringar i uteområdet, ein synlegare turistinformasjon,
ulike aktivitetstilbod og litt teknisk utstyr som bør bli prioritert, meiner Lid.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP