Vil gjere noko for ungdommen – startar opp ungdomskafé
Psykisk helseteneste, frivilligsentralen og Kafé Hvidesøe samarbeider om eit nytt tilbod for ungdom i Kviteseid.
Annankvar torsdag fram til jol inviterer dei til kafé rett etter skuletid. Her kan ungdom samlast, ete, spele spel eller gjere lekser.
– Me i psykisk helse er opptekne av førebyggjande lågterskeltiltak. Me hadde lyst til på gjere noko for ungdom, fortel Ingunn Draugedal Birkeland i psykisk helseteneste. Det var ho som først tok initiativ til tiltaket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og ungdommane i Kviteseid såg ut til å vere svært så fornøgde med det nye tilbodet. Det var lang kø inn på kafeen og i periodar var det så fullt at dei måtte hente nye stolar.
På sikt planlegg dei også litt aktivitetar på samlingane. Det fortel Cecilie Austjore -Hosum. Ho er tilsett på frivilligsentralen og skal også vere med å arrangere ungdomskafé.
– Dette skal vere ein open møteplass der ungdommane kan komme og gå som dei vil, fortel ho.
Dei har fått prosjektmidlar som finansierer leige av kafe og støtte til mat. På den måten kan dei tilby mat til låg pris. Det meiner dei er viktig.
Agnes Haugo serverte kyllingwrap og kanelbollar til dei som kom.
– Kjempegode, seier Ingeborg Lie Lundeberg og Syrill Lia Nagy til VTB.