Plastproblem: Rundballplasten pakkar inn grasballar så dei liknar på marshmallows, men når plasten kjem av att skapar det store haugar av plastavfall. Plasten har fram til no stort sett blitt lagra utan komprimering, og har blitt levert på oppsamlingspunkt, der den ein del gonger har blitt liggjande i lang tid før den har blitt henta. På vegen frå rundball til resirkulering har dermed ein god del plast flagra av stad dit den ikkje høyrer heime.

Vil ha slutt på skjemmande plasthaugar. Gjev tilskot til rundballplastpresser

Felleskjøpet tilbyr no gratis henting hos den einskilde bonden av rundballplast som er pressa til firkantballar. Plan- og miljøutvalet i Vinje har derfor bestemt at bønder skal få 30 prosent i tilskott til plastpresse.

– Det er eit stadig tilbakevendande problem med innsamling av landbruksplast. Dette tiltaket vil gjere plasten meir handterleg, forklarte landbruksrådgjevar Thor Christiansen på møtet i plan- og miljøutvalet (PMU) onsdag.

Det er Felleskjøpet som har tatt initiativet til å få på plass ei tilskotsordning slik at fleire skaffar seg ei emballasjepresse. Dei vil hente dei pressa plastballane gratis hos den einskilde bonden når dei likevel er i området for å levere gjødsel eller andre driftsmiddel.

– Denne innsamlinga er rimelig, miljøvenleg og den gjer plasten reinare, slik at den lettare kan resirkulerast, skriv Felleskjøpet på si nettside.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS