Vil ha turistinformasjon på ein meir spenstig måte
Fyresdal kommunestyre vil ha drifta av turistinformasjonen ut på anbod. Anders Bergsland (Sp) fekk full tilslutning på å ha digitale infotavler ved innfartsårene til kommunen. – Dette er ein meir framtidsretta og spenstig måte, sa han.
I fleire år har Fyresdal kommune hatt avtale med sportsbutikken i Folkestadbyen om å drive turistinformasjon i juni, juli og august. Sentralbordet i kommunehuset har fungert som turistinformasjon dei andre månadene.
I år fekk sportsbutikken 72 500 kroner for å utføre oppgåva i ei treårsavtale som gjekk ut 31. august 2020.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forslag om heilårsope
Det har vore stor auke i talet på besøkande som er innom turistinformasjonen. I 2018 var talet 668 personar, medan det i år kom opp i 2130. Den gledelege auken gjer at rådmannen ser behov for å ha heilårsope turistinformasjon, lokalisert til Folkestadbyen.
– Dette vil gje turistane og hyttefolka eit heilskapleg og betre tilbod, mellom anna på grunn av lengre opningstider - også på laurdagar. Ein heilårs turistinformasjon vil også avlaste sentralbordet i kommunen. Den næringsdrivande får i tillegg eit ekstra bein å stå på økonomisk sett, og fleire tilbod i sentrum er positivt for både fastbuande og tilreisande, står det i ei sak rådmannen la fram for kommunestyret i slutten av oktober.
Rådmannen tilrådde at heilårsdrift av turistinformasjonen blir lyst ut på anbod for tre år. Den økonomiske ramma for årsdrifta bør ligge på maks 150 000 kroner.
Alle samde
Varaordførar Elise Lauvrak (Ap) var fyrste talar då kommunestyret skulle diskutere saka. Ho varsla at Ap meiner det ikkje er tenleg å ha heilårsdrift.
– Me meiner det kan vere lurt å ha ope fire månader i staden for tre – mai, juni, juli og august, sa ho, og la til at årleg maksramme er 90 000 kroner til den som får anbodet.
Anders Bergsland (Sp) sa at på sine turar rundt i landet hadde han sett artige og innovative påfunn kommunar har gjort med tanke på informasjon til turistane.
– Eg har eit innspel; set opp digitale informasjonstavler ved strategisk lure stader ved innfartsårer til Fyresdal. For å dekke noko av kostnadene til drift av tavlene kan både lokalt og regionalt næringsliv bruke tavlene til reklame for sine verksemder, presentere bygda vår med bilde og ha småfilmar folk kan klikke på og sjå når dei kjem til innfartsårene, sa Bergsland.
Han la til at ein kanskje kunne ha slike tavler også på Molandsmoen, Folkestadbyen og næringshagen i samband med Hamaren aktivitetspark.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Sp ynskjer ein meir framtidsretta og spenstig måte med desse digitale informasjonstavlene som er tilgjengelege 365 dagar i året, sa Bergsland om ei løysing der ein kan oppdatere tavlene etter behov.
Tor Bendik Midtgarden (H) likte tankane både til Sp og Ap, og sistnemnde parti hadde sansen for det Bergsland kom med. Dermed blei framlegget hans samrøystes vedteke: Fyresdal kommune lyser ut anbod på fire månaders drift av turistinformasjonen for tre nye år. Administrasjonen utformar anbodsdokument, lyser ut og tildeler drift av turistinformasjon til den søkjar med best kvalifikasjon, opp mot NHO sine krav, for tre nye år 2021–2023. Administrasjonen arbeider med å innføre elektroniske informasjonstavler.
Årleg ramme er 90 000 til den som skal drive turistinformasjonen, blei det sagt i kommunestyret like før røystinga.
I saksutgreiinga til politikarane blir det opplyst at NHO (Næringslivets hovudorganisasjon) set krav til autorisasjon av turistkontor.