Vil ha vaskekutt: Liv Sigrun Nykos (Sp) fekk fleirtal i formannskapet for sitt forslag om å kutte 2/3 av planvaskbudsjettet, slik at ein berre bruker 100 000 kroner. I kommunedirektørens framlegg til budsjett er det sett av kring 300 000 kroner til planvasken.
Øystein Øygarden
Vil kutte i planvasken og bruke femten millionar på reiselivstiltak
Tysdag handsamar kommunestyret i Vinje neste års budsjett. I formannskapet si handsaming kom det tretten nye forslag på bordet, og eit stort sett splitta formannskap gjekk for tolv av desse.
Det eine forslaget som fall i formannskapet gjaldt innføring av gratis SFO til fjerde klasse, og vart fremma av Nils Johan Svalastog Garnes (SV). Dette forslaget fekk berre hans røyst.
Garnes hadde to andre forslag også, og desse var fem av sju i formannskapet positive til. Det eine er å setje av ein million kroner til næringsstønad der enkeltprosjekt, tiltak eller bedrifter kan søkje om pengar. Kommunen har hatt denne typen næringsstønad tidlegare, men ordninga var føreslått fjerna i kommunedirektørens framlegg til budsjett.
Det andre forslaget Garnes fekk fleirtal for er å be om ei sak der kommunen vurderer å overta fotballbane og skianlegg frå idrettslaga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP