Prosjektstopp: Kommunedirektøren i Nissedal tilrår å pause prosjekt til 38,5 millionar kroner ved omsorgssenteret. Det må fyrst kome analyse om framtidig behov for sjukeheimsplassar – talet på både dei med demens sjukdom og dei overr vil auke mykje fram mot 2040.
Privat
Vil pause utbyggingsprosjekt. – Behov for å sjå på heile omsorgssenteret
Kommunedirektøren i Nissedal tilrår politikarane å pause fleire vedtekne byggeprosjekt på omsorgssenteret i Treungen. Før prosjekt blir starta må det ligge føre analyse om framtidig behov for sjukeheimsplassar ved senteret.
Prosjekterings- og byggenemnda (formannskapet) i Nissedal skal 18. april ha eit ekstra møte der einaste saka er å vurdere byggeprosjekt som snart skulle ha starta, opp mot framtidig behov for sjukeheimsplassar.
I budsjetthandsaminga for 2023 vedtok Nissedal kommunestyre nødvendige utbyggingsprosjekt til 38,5 millionar kroner på omsorgssenteret i kommunen. Finansieringa er i tillegg til pengar frå Husbanken, eit kommunalt lån på 9,9 millionar kroner og 7 690 000 kroner i momsrefusjon.
Sist sommar varsla Husbanken eit tilskot på 21 150 000 kroner til satsinga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP