Bratland buss: Rådmannen tilrår at Bratland buss får bygdebussoppdraget. Foto: Privat.
Vil prøve bygdebuss mellom Haukeli og Åmot
Store avstandar, dårleg kollektivtilbod og mange tenester samla i Åmot skapar utfordringar for innbyggjarane utan førarkort, men no kan kan ein bygdebuss mellom Haukeli og Åmot gjere kvardagen litt enklare.
– Kollektivtilbodet i Vinje er ikkje slik som i meir tettbygde strøk. Og særleg frå Haukeli til Åmot kan det vere utfordrande å finne ruter som passar med til dømes legebesøk, skriv sakshandsamar Ane Killingtveit i saksutgreiinga til formannskapet.
Ho dreg fram både flyktningar og eldre som døme på grupper som har behov for eit kollektivtilbod. Administrasjonen har fått inn tilbod frå både Øvre Vinje Taxi og Bratland Buss, og føreslår at ein tilbyr bygdebuss mellom Haukeli og Åmot i ein prøveperiode.
Formannskapet vedtok torsdag samrøystes rådmannen si tilråding om å inngå ei avtale med Bratland Buss om bygdebuss onsdagane. Bussruta er tenkt å ha to avgangar frå Haukeli, klokka 9 og 12:30, med retur frå Åmot 10:30 og 14. Det vert tilrådd ein prøveperiode på eit halvt år, noko som vil koste 104 000 kroner. Prisen for passasjerane vil følgje satsane til fylkeskommunen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP