Vil rive og bygge nytt for barnefamiliar i Nyveg 31
Seljord kommune kjøpte eigedomen Nyveg 31 i 2020. Etter hard bruk og kraftig vasslekkasje vil politikarane nå rive og bygge nytt.
Eit samrøystes formannskap vedtok i førre møte å bruke nesten sju millionar kroner på Nyveg 31. Investeringa skal bli lånefinansiert. Huset som står på eigedomen skal bli rive, og det skal bli bygd ein ny to-mannsbustad som er universelt utforma og tilrettelagt for familiar med fleire barn.
Tør å ta kostnaden nå
– Det sit langt inne å løyve såpass mykje pengar rett på nyåret, men den økonomiske stoda i kommunen har heldigvis endra seg, derfor tør me å fremje dette nå, uttala rådmann Rikke Raknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Isolert sett er innstillinga grei nok, men dersom kommunen ikkje får dispensasjon til å bygge «robuste bustadar» på eigedomen Tingstad, bør me vel heller sette denne saka på vent, undra Edvard Mæland (H).
– Me får sjå korleis det går i kommunestyret, svara fungerande ordførar Sondre Aasan (Sp).
Kommunen kjøpte Nyveg 31 for 2 millionar kroner i 2020. Huset blei pussa opp av kommunen si driftsavdeling, og dei fekk tilskot til kjøpet av Husbanken (1 140 000 kroner). Tilskotet var gjeve på vilkår av at dette finansierte kostnadene ved kjøp av to bueiningar til vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Betre å rive enn pusse opp
I saka kan ein lese at huset, etter at det blei pussa opp, har vore i bruk som to kommunale utleigebustadar, både som «robust bustad» og til anna kommunal bruk. Huset var no planlagt brukt i samband med busetting av flyktningar. I desember hadde driftsavdelinga tilsyn med huset som då sto tomt, og dei fann ut at det har vore ein stor vasslekkasje.
«Total kostnad for utbering av vasskade, nytt tak, isolering av bustadhuset og ny kledning er estimert til om lag ein million kroner. Det andre alternativet er å rive bustaden, og driftseininga tilrår då å leige inn hjelp til å sanere asbestplatene og ha ei brannøving på resterande bustadmasse på tomta. Kostnaden med å førebu huset for brannøving, og rydde opp etterpå kjem på om lag 280 000 kroner pluss moms, det er inkludert innleigd hjelp til å fjerne asbesten», kan ein lese i saksutgreiinga.
Seljord kommune skal gjennom sitt bustadsosiale arbeid sikre bustad til dei som søkjer og får vedtak om kommunal bustad. Auken i busetting av flyktningfamiliar har ført til mangel på store familiebustader. Det er behov for å investere i fleire nye bustader for å dekke behovet i kommunen.
Kommunen meiner at tomta i Nyveg er flat og godt eigna for bustadbygging. Tomta er på 1519 kvadratmeter. Den ligg sentralt plassert nær Granvin og er regulert til bustad.
«Rådmannen tilrår at ein riv huset slik det er skissert, og nyttar tomta til å byggje ein ny tomannsbustad der begge einingane inneheld fleire soverom slik at dei er tilrettelagt for større barnefamiliar», konkluderer rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret 9. februar.