Kommunal tomt: Nyveg 31 blei kjøpt for 2 millionar kroner etter vedtak i 2020. Nå vil Seljord kommune utvikle tomta for å busette barnefamiliar.
Tone Tveit
Vil rive og bygge nytt for barnefamiliar i Nyveg 31
Seljord kommune kjøpte eigedomen Nyveg 31 i 2020. Etter hard bruk og kraftig vasslekkasje vil politikarane nå rive og bygge nytt.
Eit samrøystes formannskap vedtok i førre møte å bruke nesten sju millionar kroner på Nyveg 31. Investeringa skal bli lånefinansiert. Huset som står på eigedomen skal bli rive, og det skal bli bygd ein ny to-mannsbustad som er universelt utforma og tilrettelagt for familiar med fleire barn.
Tør å ta kostnaden nå
– Det sit langt inne å løyve såpass mykje pengar rett på nyåret, men den økonomiske stoda i kommunen har heldigvis endra seg, derfor tør me å fremje dette nå, uttala rådmann Rikke Raknes.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP