Gler seg: Hellene og Thomas Berstad gler seg til å fylle det varme og trivelege restaurantlokalet med gjester. Dei er glade for all lokal støtte dei har fått i tida dei har brukt på å gjera klar restauranten. – Dette skal vera både samlingsplass og selskapslokale for bygdefolket, seier dei to.

Vil samle lokale til måltid rundt bygdebordet

Hellene og Thomas Berstad opnar snart dørene på Bjaaland bygderestaurant. Dei har lagt ned ein stor innsats for å opne serveringsstaden som skal samle bygdefolket.

Publisert

Taket lakk, i kjellaren var det vatn, og lokala var kalde i tidlegare Olav Bjaalands museum. Likevel var det her ekteparet Hellene og Thomas Berstad ville satse. Dei såg eit triveleg bygg med potensial i heimbygda og ville satse. Det norskaustralske ekteparet fekk nyklane til det gamle museumsbygget i Morgedal i februar i fjor. I juni byrja dei å pusse opp.

– Det byrjar å dra seg til. Nå nærmar det seg opning, smiler Thomas breitt.

Mest mogleg lokalt

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS