Vil selje grendehuset i Kilen som hytte
Inntektene frå salet skal bli bruka i Kilen og Fjågesund.
I fjor vedtok formannskapet i Kviteseid å gjera grendehuset i Kilen om til fritidsbustad. No bed rådmannen om fullmakt til å selje huset.
– Kviteseid kommune har ikkje bruk for eigedomen til eigne føremål. For å sleppe unødige vedlikehaldsutgifter ynskjer kommunen å selje eigedomen på den frie marknaden. Kilen grendelag har i periodar leigd ut til personar som har nytta huset som fritidsbustad. Kommunen har før bruksendringa fått førespurnad om kjøp og leige. Det kan tyde på at det kan vera ei interesse for eigedomen, skriv rådmannen i saka til formannskapet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP