Har alt meldt fleire: Under årets jakt har Statens naturoppsyn meldt fleire førarar for ulovleg ATV-køyring på barmark. Her ved ein kontroll i Bremanger i september.
Statens naturoppsyn
Vil stoppe ulovleg ATV-bruk under jakta
Statens naturoppsyn har dei siste åra avdekt omfattande bruk av ATV under jakt og som transport til hytter. Nå blir tilsynet auka under årets jakt, melder Miljødirektoratet, som vidare minner om reglar for frakt av våpen.
– Motorferdsel på barmark har store konsekvensar for naturen. Bruk av motoriserte køyretøy under jakta kan føre til skade på terrenget, forstyrre fugle- og dyrelivet og er i strid med regelverket, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Statens naturoppsyn (SNO) kontrollerer gjennom heile året at motorferdsel i utmark går lovleg føre seg, både snøskuterkøyring og barmarkskøyring. Under årets jakt har SNO alt meldt fleire førarar av motoriserte køyretøy for ulovleg køyring på barmark.
– Dei siste åra har feltarbeidarane våre i SNO avdekt ein omfattande bruk av ATV under jakt og til transport til hytter og jaktbasar under jakta. Mykje av dette har vore ulovleg. Derfor vil SNO i haust ha eit auka motorferdselstilsyn i samband med jakt over heile landet, seier miljødirektøren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP