Vil inkludere: – At elevar må slutte i kulturskulen fordi føresette ikkje har pengar gjer at kulturskulen ikkje famnar mangfaldet i Vinje, seier kulturskulerektor Stine Beate Mondal Ljostad.
Vil tilby friplassar til dei med dårleg råd
I år har kulturskulen i Vinje for fyrste gong blitt kontakta av familiar som ikkje klarar betale rekninga frå kulturskulen. Det gjer at dei nå ønskjer å utvide friplassordninga.
Kulturskulen i Vinje skal gje alle elevar moglegheit til å utvikle kunnskap og dugleik i kunstfag og finne og formidle eigne kunst og kulturuttrykk, står det i rammeplanen deira. Då kan ein ikkje ha det slik at dårleg økonomi hindrar nokon i å få denne moglegheita, meiner kulturskulerektor Stine Beate Mondal Ljostad.
– At elevar må slutte i kulturskulen fordi føresette ikkje har pengar gjer at kulturskulen ikkje famnar mangfaldet i Vinje, skriv ho i saka som snart kjem på oppvekst- og velferdsutvalet (OVU) sitt bord.
I år har ho for fyrste gong opplevd at heimar har tatt kontakt med kulturskulen fordi dei ikkje har råd til å betale rekninga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP