Heilt kritisk: Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet ser det som heilt kritisk å få til grundig medverknadsprosess med god samarbeid i alle ledd, før det blir gjort val rundt CWD-utfordringa, etter at sjuken blei funne sist reinsjakt.
Geir Ufs
Villreinnemnda bed om grundig medverknadsprosess rundt skrantesjuke-utfordringa
Hardangervidda villreinnemnd ser i høgste grad alvoret i at det blei oppdaga skrantesjuke hos ein villrein sist jakt. Nemnda oppmodar Mattilsynet og Miljødirektoratet om å ha brei medverknadsprosess når ein skal vurdere kva som skal skje framover.
I samband med utfordringa etter at det blei skote ein reinsbukk med skrantesjuke (CWD) på Hardangervidda sist haust, sende villreinnemnda for jaktområdet like før nyttår eit innspel til Mattilsynet og Miljødirektoratet. Det utvalet undrar på er kva som skjer etter at Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) snart kjem med ein rapport om korleis ein mellom anna bør handtere skrantesjuke.
– Etter at det vart påvist CWD-smitte på ein reinsbukk på Hardangervidda den 10. september, har me lagt bak oss ein haust med hektisk møteaktivitet og ei nær uendeleg rekkje med spørsmål og synspunkt, artiklar og brev for og imot det eine og det andre, diskusjonar om sjukdomen og om aksjonar for å stanse eller avgrense smitten. Etter at det vart bestemt av VKM skulle koma med ein oppdatert rapport om situasjonen har alle partar sagt ein skal avvente rapporten før ein konkluderer med vidare aksjonar, innleiar villreinnemnda skrivet.
– Alvorlege konsekvensar
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP