Tjuvstarta påska

Vinje IL avslutta skisesongen på best mogleg vis i Jønnardalen
I år har vel 90 ungar pressa rundar på fotballbanen i Åmot. Den har vore opplyst om lag ein gong i veka i januar og februar, og runden på vel 300 m har blitt gått omatt og omatt.
Vaffelsalg har truleg vore ein stor motivasjon, då underteikna har høyrt utsagn som: «fær eg ein vaffel te då?» som svar på spørsmål om dei vil ta ein runde til.
Siste gongen var det klubbrenn med fellesstart. I utgangspunktet ein runde per startande, men mange gjekk fleire rundar også no.
Klubbsamarbeid
I tillegg har IL Dyre Vaa og Vinje hatt eit samarbeid om skitrening for 3.klasse og oppover. Her har det og vore stabilt oppmøte på mellom 20 og 30 ungar/ungdom kvar gong.
Avslutninga på årets sesong vart gjennomført i Jønnardalen saman med tradisjonen «Vaffelsundag». Dette har Vinje IL arrangert sidan 1985, så det var eit slags 40 års jubileum i tillegg. 130 personar tok turen inn til varmestoga i Jønnardalen på sundag, 60 av desse var unge nok til å få gullmedalje rundt halsen. Fire påskekjuklingar bidrog med å motivere og heie på alle som tok turen.
Øyvin best på idealtid
Det blei og arrangert skirenn på idealtid, med tre hemmelege tider å treffe. Best var Øyvin Gravir Ståland med nøyaktig treff på den midterste tida. I tillegg vann Tommy Andersen for å vera tre sekund unna den aller raskaste tida og Hilde Årlid-Aasen traff best på tida for dei som kunne gå og skravle undervegs.
Kyllingdrakt som ny hoppdress?
Etter mykje hoppbråk i det siste blei det testing av nye hoppdressar i Jønnardalen. Kyllingdraktene bidrog til flotte svev, så hopplandslaget må berre kontakte oss om dei ynskjer forbetringstips.
No gjenstår berre eit par Vest-telemark skikarusell renn og ein vaffelsundag til (23. mars) før det er lov å finne fram fotballskoa.
Takk for i år.