Yngve Knausgård er glad for at Vinjesenteret kan tilby omvising på Midtbø i sommarsesongen.
Ingrid Byggland
Vinjesenteret tilbyr omvising på Diktarheimen Midtbø
Vinjesenteret har inngått avtale med Vesaasfamilien, og kan no utvide tilbodet sitt med omvisingar på Diktarheimen Midtbø i sommarsesongen.
Midtbø ligg ved E134 i Særensgrend i Vinje. Her budde forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas frå 1934 til 1970.
Familien Vesaas har hatt omvisingar sjølve i fleire år, men no er det altså skrive avtale, der Vinjesenteret stiller med omvisar i seks veker, og familien i to veker. Avtala gjeld for ein prøveperiode på to år, men det er håp om at dette kan bli eit permanent tilbod.
Yngve Knausgård, arenaleiar for Vinjesenteret, fortel at samarbeidet er eit viktig løft for tilbodet deira.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP