Vurderer å endre tittel frå «rådmann» til «kommunedirektør»
Rådmannen sjølv vil ikkje meine noko, men administrasjonsutvalet i Vinje kommune meiner tittelen på den øvste administrative leiaren også i framtida bør vera «rådmann» – og ikkje den meir kjønnsnøytrale tittelen «kommunedirektør».
I morgon torsdag skal kommunestyret i Vinje diskutere tittelen på kommunens øvste administrative leiar – om det skal vera «rådmann» som i dag, eller «kommunedirektør». Saka blir fremma for å gje kommunestyret høve til å vurdere ein meir kjønnsnøytral tittel.
Rådmann Jan Myrekrok la fram saka til administrasjonsutvalet utan tilråding. Utvalet rår kommunestyret til å halde fast på dagens tittel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kunstig avstand
«Kjønnsnøytrale titlar blir sakte, men sikkert innarbeidd i det offentlege. Mange kommunar har oppretthalde tittelen tidlegare kommunelover har nytta, som var rådmann. Tittelen administrasjonssjef har også vore nytta av nokre kommunar, men tittelen kan misforståast som å vere ein del av kommuneleiinga, gjerne ein leiar med ansvar for personal/organisasjon/administrasjon. Tittelen kommunedirektør har alt blitt tatt i bruk av ein del norske kommunar. I Danmark kallar ein øvste administrative leiar i kommunen kommunaldirektør, og i Sverige kommundirektør,» skriv rådmannen om saka til politikarane.
«Ei tittelendring kan av mange oppfattast som symbolsk og lite viktig. Mange rådmenn og folkevalde vil nok meine at den tradisjonelle rådmannstittelen er å føretrekke. Den er kjent og innarbeidd, og har lange tradisjonar. Den skil seg òg positivt ut ved at den ikkje kan forvekslast med andre leiarstillingar der direktøromgrepet er nytta. I mindre kommunar kan ein òg tenkje at direktørtittelen skapar ein kunstig avstand mellom dei tilsette og denne leiarrolla – språk er makt,» skriv han vidare.
Om kommunestyret endrar tittelen frå rådmann til kommunedirektør vil også tittelen til assisterande rådmann bli endra til assisterande kommunedirektør.