Initiativtakar: Yana Rura er initiativtakaren for innsamlinga av stearinlys, som skal brukast til å lage lamper for den ukrainske hæren.

Yana har tatt initiativ til innsamlingskampanje: Voks og stearinlys skal hjelpe ukrainske soldatar i vinterkulda

Yana Rura, ein ukrainsk flyktning busett i Seljord, har teke initiativ til ein innsamlingskampanje for å støtte Ukraina. Fram til 1. februar blir innbyggjarane i Seljord og omland oppmoda til å levere inn voks og stearinlys som skal sendast til Ukraina.

Ved inngangen til Seljord flyktningteneste vil ein finne ein boks eller pappeske der ein kan levere voks og stearinlys. Det vil også bli plassert ut boksar på kommunehuset, Frivilligsentralen og Granvin kulturhus.

Initiativtakaren fortel at dei også hadde innsamling i fjor, og at dei då sende 72 kilo voks til Ukraina. Ho håpar det blir samla inn endå meir i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formålet med innsamlingsaksjonen er å samle inn materiale som kan brukast til å lage varmelamper for den ukrainske hæren. Frivillige i Ukraina vil bruke voks og stearinlys til å lage trygge og røykfrie lamper som kan nyttast til matlaging, oppvarming av vatn og personleg hygiene i vinterkulda.

Ein stor fordel med desse lampene av stearinlys er at dei ikkje gir frå seg røyk, noko som gjer at fienden ikkje kan oppdage posisjonane til dei ukrainske soldatane i skyttargravene. Lampene er også lette å bera med seg.

Yana Rura oppmodar alle til å bidra til denne viktige saka, og understrekar at det ikkje er nødvendig å bekymre seg for kvaliteten på voksen.

– Alt kan brukast, seier ho.

For Yana betyr det mykje å hjelpe heimlandet, og ho er svært takksam overfor Ronde Ingeberg Schade (avdelingsleiar for integrering og vaksenopplæring, red.mrk.) for all hjelp og støtte for å mogleggjere dette.

– Dette er ein enkel, men viktig måte å hjelpe på. Ved å bidra med stearinlys og voks kan me vera med på å støtte dei ukrainske soldatane som kjempar for landet sitt. Eg er takksam for alle som kan bidra med noko, seier initiativtakaren.