Yngres i Vrådal fekk Diakoniprisen
Yngres i Vrådal har vore eit tilbod til barn og unge i meir enn 30 år.
Sundag kveld mottok Jan Gunnar Breivik, Astrid Breivik og Håkon Birkeland Diakoniprisen i Vest-Telemark.
På Yngres i Vrådal møtest unge til positive samvær i ulike aktivitetar og knyter sterke venskapsband på tvers av alder. Yngres er ein populær møtestad og omtrent alle skulebarn i Vrådal har vore innom møta gjennom meir enn 30 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
På det meste har det vore samla om lag 40 ungar. Etter at barn i Vrådal har skulekvardagen i Kviteseid, er det ekstra viktig med denne samlingsstaden i Vrådal.
Yngres er eit tilbod innan trusopplæringa i Den norske kyrkja. Heilt fram til 2020 var bedehuset møtestaden. Nå er dette bygget seld og Yngres har fått plass på Straumsnes skule.
På møtekveldane er det sløydprega aktivitetar, matøkt, song og andakt.
Håkon Birkeland starta Yngres i 1988 og etter 10 år blei Astrid og Jan Gunnar Breivik med som leiarar. I dei seinare åra har også elevar ved Kviteseid gymnas deltatt.
Diakoniprisen for Vest-Telemark, i denne samanhengen Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid, er til påskjøning og oppmuntring til grupper, foreiningar eller lag som på ein særleg måte har vist diakonal omsorg, eller vore med på å bevisstgjere og motivere andre til diakonal innsats i Vest-Telemark.
Om lag 100 personar var til stades på diakonisamlimga, der kyrkjerådsleiar Kristin Ggunleiksrud Raaum snakka om diakonien i framtidas kyrkje.
Tidlegare vinnarar
Sidan 1994 har Prostidiakonatet i Vest-Telemark delt ut ein diakonipris.
1994: Gotfred Rekkebo (post mortem), Nissedal
1995: Vest-Telemark Blad, Kviteseid
1996: Kirkens SOS i Telemark,
1997: Nattcaféen i Treungen, Nissedal
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond, Vinje
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal, Fyresdal
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland, Vinje
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007: «Ungdom hjelper ungdom«. Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid
2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal
2009: Tusen Stjerner, Tokke
2010: Else Ibrekk, Kviteseid
2011: Martha Tveit, Nissedal
2012: Gunstein Seltveit, Tokke
2013: Kari Bjåen, Vinje
2014: Bønefelleskapet i Rauland, Vinje
2015: Kjell Lindheim, Kviteseid
2016: Gudny Lid Unhjem, Vinje
2017: Inger Johanne Aaheim, Nissedal
2018: Kakeringen, Vinje
2019: Tilsette og innsette i Arendal fengsel avd. Kleivgrend, Fyresdal
2020: Kvendelaget i Åmot