Ynskjer ikkje å kutte i kommunale avgifter på grunn av koronakrisa
Rådmannen i Kviteseid, Øystein Tveit ynskjer ikkje å utsetje innkrevinga av kommunale avgifter på grunn av koronapandemien. Eit samrøystes kommunestyre gjekk for framlegget.
Rådmann i Kviteseid, Øystein Tveit, orienterte kommunestyret om dei økonomiske konsekvensane av korona-situasjonen.
– Ein del av nabokommunane våre har laga eigne krisefond som verksemder kan søkje på. Problemet vårt er at det bundne næringsfondet der me har pengar er knytt til investeringar. Det næringslivet etterspør nå er reine pengar for å overleve, tilskot utan krav til motytingar, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I tillegg til reduksjon i kommunale avgifter. Kommunen går i underskot i 2019 på vatn og avlaup, og må hente inn igjen desse pengane seinare. Å ettergi avgifter i 2020, vil berre gje oss endå større problem i 2021, held han fram.
Dei tre punkta frå rådmannen vart samrøystes vedteke.
– Kviteseid kommunestyre ønskjer ikkje å gjere endringar i satsen for kommunale avgifter i 2020.
– Krav om kompensasjon for tap av inntekter som følgje av vedtak knytt opp mot Covid-19, vert handsama av rådmannen. Klage vert lagt fram for kommunestyret.
– Det vert ikkje gjort endringar i tildelingskriteria for næringsfonda. Saker knytt opp mot problem som skuldast Covid-19-pandemien, vert samla opp og handsama på eit seinare tidspunkt, heiter det frå vedtaket.