Hyttebygging: Plan- og miljøutvalet i Vinje skal denne veka ta stilling til om prosessen kring søknadar om bruksendring frå hytte til fast bustad skal halde fram som i dag eller endrast.

Ynskjer konsekvent handsaming av søknadar om bruksendring frå hytte til fast bustad

Vinje-rådmann Jan Myrekrok ber planutvalet leggje til rette for ein prosess som er både synleg og føreseieleg for dei som ynskjer å busette seg fast på hytter i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Kombinasjonen av at fleire hyttefolk ynskjer å melde flytting til feriebustaden og Vinje kommune sitt ynske om å auke folketalet, har ført til ein grundig gjennomgang av korleis kommunen sin praksis knytt til bruksendring frå hytte til bustad fungerer. I dag skal saka opp i plan- og miljøutvalet, og rådmannen tilrår at kommunen utarbeider klare, føreseielege retningsliner for sakshandsaming av søknadar om bruksendring og at desse blir gjort tilgjengelege på kommunen sine heimesider.

Bruksendringar er ikkje det einaste som skjer i hyttepolitikken i Vinje om dagen, førre veke vedtok kommunestyret å bremse utbygginga, etter at over 500 fastbuande raulendingar skreiv under på eit brev til kommunen.

Administrasjonen skriv i saksutgreiinga at det i løpet av dei siste ti åra har vore kring ein slik søknad av året, og at alle som har søkt har fått innvilga bruksendringa. Dei fleste søknadane har omhandla mellombels bruksendring. Kommunen har i tillegg funne fire eigedomar i hyttefelt der eigar har bustadadresse, tre på Rauland og ein i Vågslid, der alle vil få brev frå kommunen med oppmoding om å søkje bruksendring. Størsteparten av dei som tek kontakt med kommunen i samband med bruksendring er anten pensjonistar eller einslege vaksne og barnlause par som ynskjer å «prøvebu» på hytta.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS