Nyanlegg: I romjola såg det slik ut på området ved storskulen i Treungen. Der er planen å etablere sju nærmiljøanlegg.

Ynskjer sju nærmiljøanlegg på skuleplassen

Eit samrøystes Nissedal kommunestyre stør idrettsrådet si tilråding om å rehabilitere symjehallen og etablere sju nærmiljøanlegg ved storskulen i Treungen.

Publisert Sist oppdatert

Storskulen i Treungen er godt i gang med å få ei omfattande rehabilitering og ombygging. Vidare er planen at uteområdet på plassen skal bli rusta opp, og det er gjort ei vurdering av rehabiliteringsbehov for symjehallen.

Nissedal idrettsråd og kommunestyret er samde om prioriteringane for å søkje om spelemidlar til ulike innslag i 2025. Det einaste ordinære anlegget som det er ynske om skal få tilskot, er rehabilitering av symjehallen i fleirbrukshuset ved storskulen. Kostnaden er rekna til 1 575 000 kroner, og håpet er at halve millionen kjem frå spelemidlar.

Eit firma har gjennomgått symjehallanlegget og installasjonen, og mellom anna tilrådd nytt UV-reinseanlegg og ny dosering av klor og syre inkludert ny automatikk. Andre tiltak er å installere separat varmepumpe for å varme opp bassengvatn og forvarming av dusjvatn.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS