– Ein greier det som er moro
Rosemåla bollar i hundretal, femti bunadar og kilometervis med gardinsaum. For Solveig Venås i Seljord (90 år) er alt som har med fargar å gjera moro.
På bordet ved glaset inne i stoga på Nedre Groven i Åsheimgrendi i Seljord ligg bunkar med teikningar. Med stø hand fører ho blyanten over papiret og tryllar fram dei flottaste roser.
– Noko må eg drive med når eg sit her og leiar meg. Det dett ned nokon idear oppi hovudet av og til, veit du. Dette er reint tidsfordriv, smiler Solveig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nå går det mest i blyantteikning. Men elles har fargar vore den store interessa hennar heile livet. Alt frå barnsbein av har ho bruka fargeblyantar.
– Å teikne og bruke fargar var så moro!
Me trur henne – for kjærleiken til fargar og godt handverk har resultert i mengder av diplomar og premiar både i rosemåling og bunadsaum. Men ho skulle bli godt vaksen før ho fekk tak i måling og penslar og byrja å pusle med rosemåling. Det gav meirsmak. Ektemannen Jens Venås (1926–2011) dreia bollar og ho fargela dei. Solveig understrekar at ein bolle ikkje berre er ein bolle; han må både ha rett fasong og kvalitet. Det gode handlaget til både Solveig og Jens resulterte mellom anna i fyrstepremie både på Hallingmarken i Nesbyen og på Handelsstemnet i Skien.
Telefonen kimar. «Ja? Kan du ringe seinare. Eg har besøk.»
Rosemålaren har ikkje berre dekorert bollar; ho har måla kubbestolar, sleiver, skåp og kister. Mange er dei som har bollar og kubbestolar frå Groven i Seljord, dei finst over heile landet frå Kirkenes i nord til sørlandskysten. Ja, også i mange delar av verda har rosemålingskunsten frå Solveig si hand hamna. Etterspurnaden har ført produkta både til Brasil, Tyskland, Amerika, England og fleire av dei nordiske landa.
Av dei aller beste minna Solveig har frå tida som rosemålar er sommarkursa ho deltok på i fire somrar på byrjinga av 90-talet. På den tida var ho alt ein erfaren målar, men kursa på Raulandsakademiet var ei stor oppleving. Ho stålar når ho fortel at ho reiste opp att på vekeskursa fleire somrar. Totalt blei det fire.
– Det var ein fin ferie, og så var det så moro!
Telefonen kimar. «Ja? Kan du ringe seinare. Eg har besøk.»
Artikkelen held fram under annonsen.
Solveig kom til verda ved hjelp av jordmor Såve Moland. Årstalet var 1927, og datoen 18. juni. Altså fyller ho 90 år sundag. Den dagen er ho ikkje heime. Slik er det.
Då Solveig blei fødd budde foreldra Hanna og Jon Bakken i andre høgda på Lomodden i Seljord. Eit par år seinare kjøpte dei Groven av onklane til Jon og flytta dit. Sidan har ho blitt der. Jens var eitt år eldre enn henne og budde på Venås. Vegen ned til sentrum gjekk gjennom Åsheimgrendi.
– Han var då på bui av og til, smiler Solveig lurt då ho tenkjer på korleis ho blei kjend med ektemannen sin.
Då han var 22 og ho 21 gifta dei seg og busette seg på Groven saman med foreldra hennar. Snart kom to gutungar til verda, Geir og Jarle.
– Før var det ikkje så nøye om ein ikkje hadde så stor plass. Den gongen var det berre greitt, poengterer ho.
Båe «gutungane», som ho framleis omtalar desse karane godt oppe i 60-åra, bur i nabolaget. Ho er også nøye med å framheve dei snille svigerdøtrene sine. Av etterkomarar har Solveig tre barnebarn og seks oldebarn. Desse er busette høvesvis i Seljord, Bø og Vågå.
Telefonen kimar. «Ja? Kan du ringe seinare. Eg har besøk.»
Så snart graset har vakse litt er Solveig ute med klypparen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, eg likar å ha plenen i orden og å stelle med blomar. Eg likar også å stelle mat og arbeide i huset, seier ho.
Korleis ho i si tid fekk tid til alt, må ein lure på. For ved eit slumpetreff, det var fleire år etter at ho hadde starta med rosemåling, byrja ho å brodere bunadar. Den karrieren starta med at ho var på besøk hjå ein av grannane, Maren Rue. Ho sat og broderte på ei bunadveske.
– Eg forstod ikkje korleis ho gadd å sita med dette.
Sjølv hadde Solveig aldri brodert før. Så kom ho til å spørje om ho fekk lov til å sy litt på den lomma som Maren sat med. Det fekk ho.
– Og då var det ikkje ende på, utbryt ho leande.
Totalt blei det kring 50 kvinnebunadar, mest Aust-Telemark, men også ein del Vest-Telemark, frå hennar hand.
– Kor mange timar bruka du på ein bunad?
– Eg greidde tre i året i tillegg til jobben. Eg fekk det til med å setje av ein time kvar kveld til å saume. Men så måtte eg måle også …
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange vaksne folk i området kjenner Solveig frå dei tolv åra ho var det som den gongen hadde yrkestittel «butikkdame». For å halde fram i same sjangeren så «stod ho på Tveitan». På Tveitans manufaktur på Brøløs selde ho alt frå slips og dressar via trådsneller og metervare til skjørt og hoftehaldarar.
– Arbeidet var moro fordi det hadde med fargar å gjera – det å kunne hjelpe folk til å finne plagg og fargar som passa vedkomande, skryter ho av jobben ho hadde.
Telefonen kimar. «Ja? Kan du ringe seinare. Eg har besøk.»
Solveig slutta i arbeidet fordi ho ville vera heime og måle. Heilt slik gjekk det ikkje. For ho blei spurd om å sy gardiner for forretninga.
– Og så eg som ikkje kunne fordra å saume på maskin.
Men så blei det jammen morosamt, det òg. Kor mange meter, eller heller kilometer, med gardiner ho har sydd, har ho ikkje tal på. Men ho minnest den aller største bestillinga. Den var på 50 lengder. I mange år heldt ho fram med å sy gardiner for kundane hjå Tveitan.
– Ein greier det som er moro, understrekar ho.
Me kan ikkje heilt forstå at det alltid var like moro, og får lirka ut av henne at enkelte glatte stoff ikkje alltid var like greie å handtere. Det var likevel unntaket.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei som klypte gardinene var veldig flinke. Det har mykje å seie at lengdene er greitt klypt, forklarar ho.
Forutan husarbeid, plenklypping, teikning og telefonskravling, er nittiåringen mykje ute og går tur. Tidt og ofte spaserar ho ein tur oppover til Kivledalen, ein tur på fire-fem kilometer. Ho har aldri køyrd bil.
– Eg har alltid gått. Og så har eg aldri vore alvorleg sjuk.
Så – då kan ho inn att til den kimande telefonen. «Ja? Nå kan eg snakke.»