Lauve banens beste
I pinsa var Lene Lauve frå Kviteseid målvakt for toppdivisjonslaget Urædd for andre gong i år. I fylgje Varden var Lauve banens beste i ein heimekamp der det blei tap 0-4 for Avaldsnes. Lauve hindra eit langt større tap for laget sitt, som framleis er utan poeng i årets serie etter dei sju fyrste kampane.