Vekte til liv 42 år gamal redningsbil
Sjøormløpet samla 139 veteranbilar og motorsyklar frå heile landet. Ein av dei har betydd spesielt mykje for heile Vest-Telemark i nærmare 30 år.
– Nå trur eg me har skremt livskiten av alle bøheringane på vegen, seier Geir Venås og vekkjer latter i resten av bussen.
Han sit i passasjersetet på ein Land Rover med ei heilt spesiell historie. Gjengen på åtte mann, alle med bakgrunn frå Seljord Røde Kors, har akkurat svinga inn på Dyrskuplassen klar for den siste posten på Sjøormløpet. Dei demonstrerer kvifor nokre bøheringar kan ha blitt skremt på ruta via Bø, Gymnasbakken, Oterholt, Vreimsida og tilbake til Seljord, og fiksar den siste posten med glans.
Artikkelen held fram under annonsen.
Landets einaste
Men dette prosjektet har vore viktigare enn å svare rett på postane undervegs.
– Målet har jo vore å få bilen klar og køyrbar til Sjøormløpet. Me har jobba mykje dugnad gjennom vinteren. Ein gong i veka har me møttest og nå er den nesten så god som ny, smiler Venås.
– Me har trekt den om innvending og til og med fått slik ein dab-spelar, legg Sveinung Moen flirande til.
Både legar og sjukepleiarar sat intimt saman i baksetet, men dei forsikrar oss om at dei hadde hatt plass til skadde om det skulle meldt seg behov.
– I si tid var dette landets einaste 11-seter med blålys. Den blei kjøpt ny i 1975 og Harald (Lie) her var den som reiste inn og henta den i Oslo, seier Venaas og peikar ut eldstemann på laget.
Han er ein av mange som har køyrd rundt med redningsbilen i Vest-Telemark, på trafikkulukker og redningsaksjonar. Historiane er ikkje få. Denne doningen har vore med på å redde mange. Likevel var ikkje alle like glad då 11-seteren kom.
– Det var vel ei historie om lensmannen i Bø som ikkje ville ha oss på ulukker meir. Han syntest me hadde altfor mykje utstyr og blåljos, ler dei.
Laurdag kom dei iallfall seg gjennom løypa som bestod av postar på gamle Emils Auto, Gymnasbakken, Sanda Camping, Sundsbarm kraftverk og avslutning ved Storstoga på Dyrskuplassen. Kaste ventil på eit dekk, byggje saman campingstolar og bilrelatert quiz var nokre av oppgåvene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdt nærmare to millionar
Vidar Person og Friz Jakobsen frå arrangørane Vest-Telemark motorhistoriske klubb tok imot deltakarane på sjarmøretappen inn på Dyrskuplassen. Der skulle veteranbilane vise at dei ikkje hang igjen i trafikkreglane frå 70-talet og faktisk hadde refleksvest tilgjengeleg.
Då VTB var innom mot slutten av løpet kom det store høgdepunktet for dei to.
– Sjå den, du! Det må vere den flottaste bilen her i dag. Oj, den må vere verdt nærmare to millionar. Nesten rart han tørr ut med den, gliser Person.
Klenodiumet er ein Mercedes 300 S 1953-modell, kan eigaren Torstein Løitegaard frå Drammen opplyse om.
– Eg har hatt han i 30 år og det er berre 200 av han i heile verda, seier han frå sjåførsetet.
Ein kunne vel ikkje funne ein betre dag å køyre veteranbil med ope tak.
– Ein perfekt dag. Det er fyrste gongen min på Sjøormløpet. Og det er veldig kosleg å treffe andre og sjå andre bilar, seier Løitegaard.
Og ruta den blei endra i siste liten for å ikkje hindre syklistane i Åmot-Bø på Garvikstrondi, som starta på same tid. Veteranbilsjåførar og syklistar kunne dermed konkurrere hand i hand.