100% vintersikker veg- med forgreining til Bergen nå!
E134
Aust-Vest utgreiinga har ein klar og eintydig konklusjon. E134 er i særklasse det beste alternativet mellom Vest- og Austlandet. Kortast, raskast, mest trafikk og i ei eige klasse når det gjeld samfunnsøkonomi. 100% vintersikker veg og ny forgreining til Bergen er heilt sentralt i så måte.
Telemark Senterparti stør sterkt opp om konklusjonane i Aust-Vest utgreiinga. Ein ser fram til arbeidet med KVU for strekninga Gvammen-Haukeli. Sjølv om samferdsledept. I denne omgang ikkje vil lage ein eigen KVU for forgreininga til Bergen så føreset Telemark SP at ny forgreining til Bergen vert ein viktig føresetnad for arbeidet. Ein snakkar om eit aust-vest samband med ein netto nytte på opp mot 26 milliardar kroner og ei reisetid på 5 timar Oslo –Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er viktig at det nå skapast så breie alliansar som mogleg med målretta arbeid fram mot NTP. Det er ingen tid å miste. Nye Haukelidtunnelar og ny arm til Bergen må inn i fyrste del av ny NTP.
Olav Urbø,
fylkesleiar Telemark Senterparti