30 000 kroner til sykkelritt
Med fem mot to røyster vedtok formannskapet i Seljord i førre møte å gje eit tilskot på inntil 30 000 kroner til den lokale arbeidsgruppa som stod for dei lokale aktivitetane under Tour of Norway i Seljord sentrum og Flatdal.
Løyvinga blei gjeve frå næringsfondet/kraftfondet.