50 boreriggar i året er målet for NEMEK
NEMEK Salg A/S som vart oppretta i fjor, går så det verkeleg susar. Disponent Yngvar Borgersen, som har med seg Berit Fossum og ein som tek seg av servicen, utgjer denne delen av NEMEK i Åmot. Som kjent består produksjonen ved verksemda seg av boreriggar i ymse variantar, og Borgersen fortel at dei no har fått eit godt internasjonalt ry, og han ser svært positivt på framtida.